mandag 28. mars 2011

Laurdagens fangst

Laurdag var eg på shopping i Ørsta. Det var fort gjort, for det er ikkje akkurat storbyen eg skal saumfare. Men resultatet vart Vagabond sko, og elles et par smykker, eit belte, skinnyjeans og boblevatn! 

Etter dette møtte eg verdens kjekkaste Anne på café i Volda. Der kosa vi oss glugg med både chips, kake, brus og kaffe! Hærlege laurdagen!
Og takk til Anne som gav meg verdens finaste og søtaste bok! <3
Laurdagskvelden var også kjekk, med landskamp på tv, Norge-Danmark. Vart uavgjort, men feira likevel med bobler!




Skal vel ikkje reklamere for alkohol kanskje, men desse boblene er mine favorittar for tida!

onsdag 23. mars 2011

Ei gåve litt utanom det kvardagslege

"Denne får du fordi eg er glad i deg"

Rune vart veldig overraska over denne gåva, og trudde eg skulle gi ei rose eller noko slikt når eg sa det på den måten der!
Hehe!
Ikkje noko spesielt romantisk, men tanken var god!!
Og glad vart han :)
Vil no ikkje at Rune skal skade seg når han tek laust med motorsaga!

søndag 20. mars 2011

Fra hindring til lindring, og for better or for worse

Ja, då gjekk det som det måtte gå da. No fekk eg ei sjukehelg! 
Så innhaldet fra forrige bilete har endra seg litt: Fra å hindre sjukdommen å kome, til å lindre den...
Småsur fordi det ikkje vart tur på Anne-mi og meg, og så sutrete fordi eg er no sjølvsagt innmari sjuk da!!

Men så har eg verdens beste mann, som dullar rundt meg og passar på meg.
"For better or for worse". Så eg fekk godteri med han på lørdagskvelden, og då fekk eg også litt "lørdagskos" trass sjukdom... I lag med kleenex og otrivin!
OG eg fekk sjefe over fjernkontrollen! :)
Men no er det greit å bli frisk att synes eg!




fredag 18. mars 2011

Eg går helga i møte tungpusten og med sår hals! Rune har hatt 39.5 i feber, og har vore sjuk i 4 dagar, men er heldigvis i god nok form i dag til å gå på jobb.
Men eg har då svelgt ei furukongle, og så har nokon tømt salt nedi halsen på meg. Sånn kjennes det iallefall ut!! Sårt nedgjennom der, heilt til ytterste lungeblære.
Men med dagens innkjøpte rasjon så skal eg gjere det eg kan for at det ikkje bryt ut meir iallefall.

For eg hadde no tenkt meg på Moa og shoppe i morgon med godaste Anne, for så å besøke familien på Vatne og bo der til søndag! Men det går jo ikkje om ej blir sjukare!! :( Typisk da!?
Urettferdig!!
Det er berre å krysse fingrane for at desperat nyinnkjøpte ting virkar!
"Thelma & Louise" skal jo på tur!!



onsdag 16. mars 2011

Updates from The Rotevatns

Siste nyhende frå The Rotevatns er at fru Rotevatn fekk B på første innsendingsoppgåve, med (+) bak!
Den +'en er viktig å tilføye! Hurra!  
Det er 10 år sidan eg sist vart vurdert i skulearbeid, så dette var så spennande at eg sjekka innboksen min kvar dag for melding frå rettleiar. Aldri fått bokstavkarakterar før heller, så dette synes no eg var verkeleg bra! STOLT!

Taket og rafta på huset er no fiksa, godt som nytt! I tillegg har vi fått sett inn to vindauge på soveromma i 2. etasje og bestilt vindauge til resten av hovudetasjen. Så ein kan godt seie at det eine føre det andre med seg. Blir ein festeleg vår, med mykje arbeid!

Bilen er blitt sjuk, og er på "sjukehus". Berre kryssar fingrane for at det ikkje er so gale. Det er enten ein filleting, eller ein stor ting. Sånn er det med gamle bilar. Sjølv om vår gamle, gode renault har holdt i maaange år, og hatt lite reparasjonar, så må det vel skje litt med den óg. Stakar!

Sola skin i dag og smeltar vekk snøen litt etter litt. Det kan minne om vår i lufta!
Slike gode ting gjer at hus, bil, hage, pengesluk og skuleoppgåver som ligg føre vert litt mindre viktig ei lita stund.
Så godt det er med slike stunder!