torsdag 16. desember 2010

Snart er det skitnesøndag!

Fru Rotevatn kan vel ikkje skryte på seg å vere den perfekte husmor med støv på hjerna og full "orden i sysakene!" Eg har ikkje mykje sysaker, og støvet festar seg på alle andre stader enn på hjerna!
No mot jul merkar eg at det vert lagt eit press på alle husstandar om at vi må vaske ned til jul! Då skal både tak og veggar vaskast, og både utanpå og inni skap! Kvifor det? Kvirfor akkurat no? Det er mørkt kl 15.00, og vert ikkje lyst att før kl 09.00! Støvet visast ikkje likevel! Er det berre fordi ein treng ein frist slik at alle vaskar husa sine grundig ein gong i året?
Og om alt er så reint til jul, vert no alt skittent igjen i løpet av helligdagane. Då spruta det rundt både fett og krem på kjøkkenet, og mykje søfting, støv, papir, nøtteskal og barnåler på stova.
Eg er dog ingen rotekopp, og meiner eg har det høveleg reint i heimen. Trur eg kan ta imot besøk til ei kvar tid... Ja, iallefall med ein times forvarsel!
Men til jul skal ein liksom vaske så fælt! På Facebook skryt så mange av kor mykje dei pussa opp, kor mykje dei har vaska, kor mange kaker dei har baka, kor mange som kjem på besøk, og kor mykje dei skal trene for å komme julematen i forkjøpet! Og alt dette skal dei gjere før jul! Blir stressa ta sånt eg!!

Så fekk eg høyre av mi mor, at det er noko som heiter "skitnesøndag". Det er DÅ ein liksom skal vaske ned til jul. Og den er på den siste søndagen før julaften. Merkar at eg roa meg litt då, for då treng eg berre å vaske 1 dag, samt at det var så lenge til denne dagen då ho sa det. Så inntil då kunne eg no berre kose meg med adventstakar og lys, og ete sjokolade og opne julekalender!

Men no er det altså skitnesøndag om 3 dagar! 3!! Det er vel berre å innsjå det. Jula kjem i år også!
"-som julekvelden på kjerringa"
Det er altså på tide å ta ned kasse nr 2 frå loftet. Der ligg dukar, nissar, englar og skåler som skal fram for å gjere huset enno meir julete. Og så må eg vaske.

Tør eg å vente til måndag? Då kan no berre søndagen få vere skitten!? :)

1 kommentar:

  1. Berre til opplysing.
    Eg hengde opp julegardiner laurdag medan ungane såg MÅnetoppen. Men eg har ikkje vaska ein cm i stova enno. Stikk i strid med alle normer om kva ein "skal gjere". Elles låg vi på sofaen alle fire i går, åt mandarinar og såg Toy Story.... Veldig stressande.... Hehe. GOd førjulsmåndag snuppa!

    SvarSlett