mandag 29. november 2010

No er det jul igjen...

Julegåver, adventstakar, julestjerner, julelys som skal vere lilla, raude, kvite, sølv, gull? Utelys til treet, krans på døra, julegåver, julekalender, kalendergåver, kubbelys, telys, lysestaker, juleduker, stryking, vinduspussing, julenedvask, juleklede, julekjole, juledress, julelunsj, julebord, arrangement, julegåver, julesangar, julekrans på gravene, gravlys, julebesøk, julebakst, julevask igjen, julegåvepakking, julegåvelevering - og sjeldnare julegåvehenting,
julehelsing på facebook, sms, mms, e-post, julekort.
Julenissar, englar, fuglar, julenek, julegraut, mandel, marsipangris, klementinar, nøtter, tre nøtter til Askepott, hovmesteren, julesjokolade, juleribbe, julefett, spekemat, riskrem, kake, krem, sukker og kaffi,
juletre, juletrepynt, glitter og barnåler over alt i huset,
julegudsteneste, julebrus, julegløgg, juledans, juleøl...


gi meg ein juleparacet...!!




mandag 22. november 2010

Å jul med din glede, og veldig barnleg lyst!!

Så blir det vel jul i år også da! Og for å prøve å vere julete, så passa det med "juleverkstad" sånn i førjulstida!
Og er det noko eg innbiller meg at kan å lage, så er det mormor sine julemanna (kakemanna) Dei er såå gode! :)

Så då fekk eg meg meg kjære Anne på julebakst på lånt kontorkjøkken. Fru Rotevatn vart sett på prøve i kokkekunst! Å jøje meg!



Vi laga 3 deiger, og heldt på i 5 timar, med meir eller mindre effektiv baketid!
Det var laurdagskvelden sin det!!


Julemannane vart meir og meir kreativt dekorert, og fine vart dei ALLE SAMAN!

Må berre vise Anne si juledame til mannen sin :)

No har eg mange julemanna på lur!
Men med herr Rotevatn som ikkje et kaker, så vert det vel mange til overs.
Bra eg har hestar som bur i stallen vår! Hehehe!

søndag 21. november 2010

The Rotevatns har vore "barnevakt"

No er det ei stund sidan eg har skrive noko i bloggen. Kanskje det er fordi eg har hatt ein del å gjort med oppussing av "rocke-doen" (innlegg kjem når den er ferdig) eller kanskje det rett og slett har skjedd for lite spanande med oss! :)
Men forrige helg var vi "barnevakt" til ein liten hundekvalp, Ricco! Det er ein King Charles Spaniel, og han var berre 5 mnd gamal!
Ricco er veldig snill, tillitsfull, leiken, kosete og flink!

Vi koste oss skikkelig med besøket heile helga! Han hadde full merksemd, med mykje leik, turar, massasje, leik, kos, premie-godteri og leik!! Mykje leik altså!


Dette biletet var så skildrande av korleis vi hadde det fredagskveld. Han sprang mellom meg og Rune og var heilt i hundre. Leika og koste seg maks! :)

Fredagskveld kl 23.30 var han heilt gåen! hehe! Han er van med å legge seg kl 22.00.

Det var ofte som om vi passa ein liten unge. Iallefall når det gjeld døgnrytma. Han måtte opp kl 07.00, og då var det berre å ta på seg tjukkejakke og lue, og stappe pysjbuksebeina godt nedi vinterskoa og gå ut på tisse-tur. Ja, altså, kvalpen måtte tisse! Heldigvis var det ikkje lyst ute enno på denne tida av døgnet...
Men etterpå var det berre å "legge han igjen" og så fikk vi sove eit par timar til før det var opp att og til att! Det vart nokså lange dagar denne helga, eg har aldri visst kor lang ein laurdag og ein søndag kan vere! Men du og du så koseleg det er med hund!! Spesielt denne fine hunden!!



Og så har vi gått på utruleg mange turar! Både korte og lange! Søndag gjekk vi rundt Rotevatnet, og då var han heilt skutt etterpå! Berre låg i sofaen og koste seg! Men eit par timar etterpå var det full fart igjen! hehe!!


No har The Rotevatns fått enno meir lyst på hund! 

torsdag 4. november 2010

Hår er vanskeleg!


I juni i år fekk eg så lyst å gjere noko med hårsveisen min.
Litt slitt hår og litt drit-lei-faktor gjorde at eg fekk ordna meg ein lang "bob". Som vart litt kortare ved neste klipp. Det er nokså kort og oppklipt bak, men det skråar framover på sidene. Langt nok til å stroppe det i ein hårstrikk når eg trenar.
Slik har eg hatt sidan sommaren, men det har vorte 3-4 cm lenger enn det som er på bileta her.
No lurer eg på om eg skal spare igjen?
Eg er no så "heldig" (?) å vere velsigna med mykje krøllar, fall og elektriske hår... og alt anna som gjer at håret ikkje ligg glatt. Så om eg skal ha ein ok sveis nokon gong, så må eg bruke glattetang. Som regel vert det anten å samle krøllane med skum etc, eller hårstrikk. Det gjeld uansett om eg har bob eller langt hår. Med bob så kan det kanskje ver litt rart med krøllar...
Så no er det på tide å gå til frisøren igjen, men;

Kva skal eg gjere?? Hjelpe og trøste meg, hår er vanskeleg!!! :(

mandag 1. november 2010

Motivasjonsglimt


Sveittebandet mitt!
Dette fekk eg av Irene når vi trente spinning i Oslo for nokre år sida. Så hadde vi kvar sitt!
Har funne det fram att, og smiler for meg sjølv når eg ser Snoopy,
og trør ekstra tungt på spinningsykkelen, med ekstra motivasjoin!
Takk Irene :)


Lokkemiddel på veg inn til kontoret! :)
Slik såg det ut på kontoret vårt på avslutningsfesten før sommaren!



Litt sommar med skaldyrmat på ein kald, og stormfull oktoberkveld! Dette motiverar til å halde ut vinterhalvåret :)


Det fins vel ikkje så mykje motiverande med dette biletet frå vinteren i fjor!
Men det som motiverar er at vi hjalp mange søte fuglar gjennom den tøffe, kalde vinteren!