tirsdag 17. mai 2016

Vårslepp

Då er tida komen for at piggsvingutane må tilvennast å bu ute, finne mat sjølv, og bli frie piggsvin.
"HEI VERDEN! EG KJEM SNART!!"


For to veker sidan lufta eg dei i bingen ein liten time, og "ho mor" drakk kaffe og passa på. Sitjande på ein campingstol i bingen ilag med dei.


Minstemann Televimsen sprang ut av plasthuset sitt og tok ei ekspedisjonsrunde, ivrig på å få strekke på beina og utforske lukter og smaker.
Største koseklumpen Snorre Sprett var nervøs, han ville ikkje gå ut av huset sitt, sjølv om han var nysgjerrig som få. Han måtte eg ta ut fysisk. Dei har ikkje fått møtt kvarandre etter dvaletida, så eg var spent på korleis dei gjekk i hop. I haust og vinter så skubba dei veldig til kvarandre og synes ikkje den andre var så kjekk.
Slik var det i år også. Når dei møttes, så merka eg ei snål stemning. Eg sat ilag med dei på bakken og passa på.
Plutselig hoppa Snorre Sprett fram og beit Televimsen i sida, og nekta å sleppe! Eg skvatt, og tok tak i biteren, kjefta på han som om han var ein hund (!) og han hang fast i den andre sammenrulla kråkebollen.
Endeleg slapp han, og eg putta han raskt i huset sitt igjen. Aldri har eg sett eller kjent Televimsen så piggete og sammenrulla før. Etter ei undersøking av begge to, så hadde ingen fått skader. Verken i piggar, hud, eller i munn. Heldigvis.
Men her var det berre å ta dei innatt i kvar sitt bur, og bygge ein skiljevegg i bingen. Desse to går ikkje ihop. Her blei det til slutt 2 binger, med kvar sitt hus, og kvar sitt fôringshus.

2 dagar etterpå var alt klart for vårslepp. Begge fekk kome ut i bingen sin, og dei skulle overnatte ute for første gong. Televimsen er veldig aktiv, et godt og har gode instinkt. Snorre Sprett er litt meir skeptisk. Han virka veldig nervøs med det same, men etter ei lita stund i armane mine, så roa han seg faktisk, og tok seg godt tilrette i det nye huset sitt fylt med høy.


Han likar ikkje mathuset sitt, og et berre mat som ligg rett på bakken. Men dei et, og har funne seg godt tilrette no. Om ikkje lenge skal dørene opnast, og dei får gå ut i det fri slik som dei ønskjer. Men husa skal stå der om dei vil bu der seinare.

Har faktisk 5 hus frå før i hagen, og med desse 2 blir det 7. Og i går såg eg piggsvinbæsj på utsida av gjerdet deira, så her finns det fleire. Skal tru om det er nokon av dei eg sette fri i haust?

onsdag 11. mai 2016

Fru Hummel kan no flytte inn

For de som hugsar at Rune fekk materiale og oppskrift på humlehus, så kan vi no vise fram det ferdige resultatet!
Vi fekk 2 hus av materialet, og slik vart det:
Sjølvsagt må fru Humle få seg blomsterkrukke med fine blomar på balkongen! Og ho har klessnor med hummel-kle hengande på tørk.

Eine huset står på verandaen for augenblinken, medan det andre står plassert på steinar i eine beddet. Vi forventar at det flyttar inn to humler som får mange humlebarn!

Prøvar noko nytt

Å lage ting sjølv er utruleg kjekt, og eg likar godt å eksperimentere med diverse hobbyprosjekt. Med eitt kriterium; Det skal gå fort!
Nokre ting eg har styra med er å lyslykter og decoupage-lim. Kjøpte nokre lykter på Nille, og klistra på servietter og kosar meg med lim og klisj. Det blir jo eigentleg ganske fint! Her er det ei lita lyslenke på batteri oppi frå før. Genialt!




I tillegg har mamma lært meg prinsippet med hekling. Aldri fått det til før, men no har eg laga min aller første klut! Dette er ein prøveklut med massevis av feil. Men det var moro å prøve seg fram. Dette blir ein klut som kan brukast til å vaske dusjveggar eller do. Haha! Ikkje noko "pen-klut" til å henge over krana på vasken akkurat.
PS.  Det er ikkje mamma sin feil at sen ser ut som den gjer! Ho er nemlig kjempeflink!!! 

I tillegg har eg prøvd meg på vaniljehorn. Dette er gjærbakst, og eg har ALDRI fått ei deig til å hevast skikkeleg i mitt liv. Og resultata har alltid vorte flate, tunge og harde rundstykker eller brød. Som ikkje eingong småfuglane klarer å ete.
Så når eg gjekk til innkjøp av ferskgjær (i staden for tørrgjær), og hadde ei ss med "luftigere bakst" oppi deiga, så fekk eg sjokk når deiga oversvømte den store bakebollen min.
Og deiga var usedvanlig mjuk og lett å arbeide med. Ikkje sprakk horna i ovnen heller. Mi tidlegare erfaring med slike er at det går hol på horna, og at vaniljekremen tyt ut. Men denne gongen bretta eg dei i hop på ein litt annaleis måte slik det skulle bli tett.
Første brettet var litt artig. Tuppen på bretten bøyde seg opp og bak, og dei såg rett og slett ikkje riktige ut! Men på neste brett la eg dei litt annleis til, og det gjekk betre.
Nydelige vart dei iallefall, og eg åt 3 stk på rappen! Rune likte dei faktisk også! Men han et berre midten der kremen er. Så eg åt opp restane av hans også!