onsdag 29. januar 2014

Hyttetur med jentene

Endeleg klarte vi å samle oss, alle tre venninnene, og fekk reise på den etterlengta hytteturen som vi har planlagt i 4 månader! Skal ikkje vere heilt enkelt å bli einige om ei helg der det skal passe for alle. Sjølv om vi berre er 3 stk, så har det aldri klaffa. Men NO passa det heldigvis. ENDELEG! 11. januar det vart!
Anne har flytta frå Volda til Hareid, og Elisabeth og eg har vorte verande i Volda. Det medfører faktisk litt planlegging når alle tre skal treffast slik. Iallefall når det er tur med overnatting det er snakk om.

Hytta er foreldra til Elisabeth si, og ligg så vakkert plassert på Mørkeset.
Det er ei gammal hytte som er oppussa og påbygd, og er berre heilt perfekt!

Eg og Elisabeth køyrde frå Volda om morgonen (tja, i 11-tida da) og første opplevinga som har sett sine spor i meg var på Festøya! Av alle plassar! Aldri har eg visst at fuglane der er så tamme som dei er.
Vi mata fuglane med kjeks ut gjennom vindauge på bilen, og vi trengte ikkje kaste smulane ut. Fuglane kom og sette seg på handa og forsynte seg av godbitane sjølv. Det var heilt utruleg! Og ei fantastisk oppleving!





Eg kunne halde mobilen og ta bilete og filme medan dei åt. Så søte, små og lette skjønningar, som sette seg på fingrane mine og spiste ut av handflata! It made my day! My week! My year! Så langt! :)
Tenk at å vente på ferje kunne vere så kjekt!?

Vi henta Anne på hurtigbåtkaia og krongla oss til ein parkeringsplass i kjellaren på Moa. Minn meg på å aldri køyre ned i den kjellaren der. Vi handla litt vin, og så kava vi oss inn på Coop og kjøpte matvarer. Det er heller ikkje å anbefale på ein laurdag. Iallefall ikkje for folk som ikkje likar å gå inni folk, stampe i kø, sjå sure og utålmodige folk som nys og fis rundt seg! Men må vel berre rekne med det. Så eg kjøpte meg ekstra godteri som plaster på såret!

I skumringa kom vi fram til hytta. Den ligg ved sjøen, så majestetisk og vakker! Bukta nedanfor hadde fryst til, og isen hadde knekt oppatt igjen mellom steinane når det har vorte fjøre sjø igjen. Fantastisk. Det hadde snøa litt frå før, men når vi kom oss inn så byrja det å lave ned lette og tette flak og la seg tjukt på bakken! Perfekt!
Og så var vi så heldige, for faren til Elisabeth hadde vore innom og fyrt opp i peisen og tent et par lykter til oss inne på stova. Vi kjente freda senke seg over oss med ein gong vi steig inn i hytta!





Eg vart utnemnd til mellom anna fyrbøtar, og Elisabeth var kokk, og Anne var den flinke assistenten som sprang rundt og ordna og fiksa. Alle tre jobba ilag mot same mål: KOSE OSS!!
 
 
Leo fekk på seg Mariusgensaren sin medan hytta vart varma opp, medan vi varma oss opp med eggelikør og pils.
Etter eit par timar med oppvarming og prat, så laga vi tapas! Og med musikk og cava så gjekk det unna! Nydelig tapas, og sjølvsagt alt for mykje mat!
Så det var berre å ha på seg joggebukse med strekk rundt magen og vide genserar, og setje seg til bords.
Kvelden hadde byrja, og vi koste oss noko heilt ellevillt! Vi hadde gåveutdeling etter mat, for dette var litt som vår eigen lille juleaften sidan vi ikkje traff kvarandre samla før jul. Vi hadde ikkje juletre, men fann ein liten plante som vi la gåvene rundt! Må jo ha JULETRE!!
Så var det latter og gåver, og jøjje meg så snille venninner eg har!
Og i tillegg hadde vi tradisonen tru den kjekke pakkeleiken! Som aldri slår feil! Mange fine gåver der også.
Så var julefeiringa over, og vi berre feira på vanleg måte vidare.

Kvelden varte til kl 03.00. Då sovna først den eine, så dei to andre i sofaen under pledd. Vi ville ikkje legge oss, så vi sovna samla i stova. Der låg vi til morgonen etter.

Merkeleg nok var det eg som vakna først. Eg steig ut av sofaen og fyrte i gang peisen og rydda litt. Å du deilege morgon! Å vakne til eit vintermaleri på utsida av stovevindauget er berre ubeskriveleg godt!
Vi spiste frukost, som var restar etter kvelden før, og koste oss heile dagen til vi reiste avgårde igjen i 17 tida.
Må innrømme at tida hadde gått altfor fort. Vi skulle hatt minst eitt døgn til der. Det må vi hugse på neste gong. Vi tre skravlekjerringane blir ikkje ferdigskravla på 1 døgn!

Takk for lån av hytte! Takk til gode venninner! Takk til sjelefred og kos! Takk for at det ikkje blir så lenge til neste gong vi møtast!

fredag 3. januar 2014

Å du gode jul

Ei kjekk og koseleg jul! Det er i grunnen alt eg kan sei om sjølve julefeiringa i år.
Nostalgisk innslag i julepynten!
 
Denne hausten har det vore storm på storm over heile landet, og Vestlandet intet unntak. Slik var det også frå lillejulaften til 3. juledag. Men det gjekk heldigvis bra. Og trass i stormar og sterk vind, så kom heldigvis foreldra våre på besøk til oss i Volda. Mamma og pappa, og svigermor Kari.
Det er 4 år sidan dei var her sist i jula, så det var så innmari kjekt å få besøk av dei igjen!

Eg er litt sånn dillete og dullete av meg, så eg elsker å pynte og ordne, med små detaljar og så godt som eg er i stand til. Og med ymse resultat.
Når dei kom på lillejulaften fekk dei jule-cupcakes, av gulrotkakeoppskrift
med kvit topping, grøn strøssel og raud M på toppen.
Gode var dei no iallefall, og hadde jo litt julete utsjånad.
Vi koste oss med juleskinke til middag, og brente mandlar, potetgull og alt mogleg anna snop til dessert. Heimelaga eggelikør som Cathrin søsta mi har laga smakte vi også, og litt vin.
God, roleg og kjekk lillejulaften.

Når dei "små borna" (les: foreldra våre og Rune) hadde lagt seg, så kom Nissen på besøk og putta gåver i julestrømpene.
Dette er minijulestrømper som eg har strikka heilt sjølv!   

Dei er ca 12 cm store, og var litt knøteri å strikke på. Men gjekk no såpass bra at dei heldt på plass innhaldet i det minste. Mannane fekk ei miniflaske med aquavit, medan vi damene fekk godteri.
Dei synes Nissen har vore snill, men det er jo dei som har vore snille som har fått fylt julestrømpene sine!

Så var julaftan i gang, med Askepott og Reisen til julestjernen på tv, og snart byrja pinnekjøtet å spre si deilege duft i huset! Du deilege tid, som vi kosa oss!
Rune var som alltid kokk. Han damper pinnekjøtet og her gjorde han det klart for siste "bres" i steikeomnen.  

Pappa fann plass i kosekroken,  
...og mamma i sofaen.
Trur dei koste seg med å sleppe å ordne og styre slik dei alltid har brukt å gjere opp igjennom tida. Her kan dei berre setje seg godt tilrette og bli oppvarta, av to som gjerne vil gjere det! Det var ikkje mangel på tilbod om hjelp frå dei altså, men det fekk dei ikkje lov til. :)  
Obligatorisk juletrebilete. Mange gåver var det, sjølv om vi var berre vaksne! 

Så var kl 17.00, Sølvguttene sang og peip frå tv, og pinnekjøtet var klart til servering. Å du gode tid!  

Rune og Kari

Mamma og pappa
Mamma hadde med seg heimelaga hjortemør, i staden for svinemør. Det var utruleg godt!

Rune tek seg ein velfortjent kvil etter middag, medan konemor vaska opp og "ungane" såg tv.  


Vi fekk alle saman flotte gåver, og hadde det så kjekt med oppakkinga!
Eg må sei eg blir rørt over kor snille familien vår er som gir oss så flotte gåver! Tusen takk!

Litt "artig-gåver" var det jo også! Hihihi!

The Rotevatns kosa seg stort i jula i år, og det var kjekt å få bruke nyekjøkkenet vårt til julemiddagen for første gong og vi var litt stolte over å vise det fram
Foreldra våre reiste 1. juledag, og sidan då var vi heime i Volda og kosa oss vidare ilag.  
Deileg å vakne 2. juledag, setje seg på kosebrisken og drikke kaffe ilag med snømannkjærastane

Nyttårsaften i år var 2. året Rune ikkje har vore DJ på nyttårsaftenen. Det var ingen storfeiring, men ei lita feiring vart det jo! Og vi spiste nok ein gong pinnekjøt, og spretta sjampisen ved midnatt og gjekk ut for å sjå på rakettane. 

GODT NYTTÅR TIL ALLE!  
Måtte alle få eit fantastisk 2014! Eg har trua!