torsdag 23. juni 2011

Alltid i våre hjerter!

No er minnestund og gravferd overstått. Det har vore ei tung veke, med mange inntrykk, sterke opplevingar og stor sorg. Godt er det at ein har familie og vener å dele tankar med.
Tysdag hadde vi minnestund for morfar i kyrkja.

 
Vi køyrde i kortesje med heile 9 bilar frå Vestnes til Fiksdal, med stopp på gardstunet til mofar.
Der stoppa heile følgjet på tunet, og vi fekk ei lita stund ilag attmed benken som morfar så ofte sat på.


Ei utruleg fin minnestund i kyrkja etterpå. Veldig personleg, privat og intim.
Dei som ville, fekk gje ein personleg ting som skulle følgje med, og eg ville at morfar skulle ta med diktet eg hadde skrive; "Henta av ein engel". Bakpå hadde eg ei personleg helsing. 

Ein annleis ting å gjer, men eg synes det var innmari godt å gjere det slik, og vi fekk som familie ei "god" stund ilag.
Tysdag 21. juni var jo også bursdagen til morfar, han hadde blitt 95 år! Og i tradisjonens ånd og etter morfar sitt ønske så samlast vi etterpå i selskapsteltet ved fjøra i Fiksdalen.
Gravferda var dagen etter, onsdag 22. juni.

Utruleg mange fine kransar, bukettar og helsingar. (Har ikkje lagt ut fleire bilete av inne i kyrkja.)
Kyrkja var full av både blomar og folk, og som eit av tantebarna mine sa:
"Oldefar var populær"! :) Og det er heilt sant! Han var unik! Han var ein institusjon i seg sjølv!

No har vi att gode minner og kjærleiken hans i våre hjerter! Og FOR ein kjærleik!
Eit av dei siste bileta av meg og han, akkurat som eg kjenner han.
Tøysete, glad, artig og humoristisk:

"Han skulle kjøpe seg ATV når han blei gammal, sa han då han var 80 år. Og når han vart 90 så kjøpte han seg ein slik" :)
Dette biletet er teke for akkurat 1 år sidan. Og denne køyrde han på 1 veke før han reiste frå oss.

Alltid i våre hjerter!



torsdag 16. juni 2011

Henta av ein engel

Ein engel stryk handa forsiktig over kinnet
godheit og varme brer seg i kroppen.
Aleine, men ikkje einsam.
Rommet er fylt av kjærleik
- ei kjensle av å vere "heime"

Augelokka er tunge og lukka
men aldri har livet vore så klårt
Kroppen er sliten men nøgd.
Eit smil frå sjela
- ei kjensle av tryggleik

Aleine, men ikkje einsam
kjærleik frå Gud fyller hjartet.
Alle hans kjære elskar, og er elska.
Kjærleiken vil vare for alltid
- ei kjensle av nærheit

Ein engel sine armar omfamnar ein sliten kropp
passar på og viser veg.
Viser veg til lyset, det store himmelriket.
Engelen er godheita, ein kjenning, og ho - smiler av varme
Smiler av kjærleik til sin sjelevenn

Engelen går hand i hand med ein annan engel
ein engel med nye vingar,
Ho og han,
saman går dei i kjærleik
til kvarandre og til Gud



- Alice -

Kvil i fred, kjære morfar.
Eg veit du er i himmelen hos mormor no.

torsdag 9. juni 2011

8. juni = bursdag

I dag har fru Rotevatn blitt enno gamlare, grøss og gru!
Men refererer til bursdagskortet eg fekk med mi søte venninne Anne:
Lykken er når alle dine venner husker din fødselsdag,
men har glemt hvor mange år du fyller!

Eg har likevel, tross litt angst pga det talet, kost meg veldig i dag.

Dagen byrja med ein lang gåtur til jobb i skodda!
Tjukk skodde!!
Men det letta utover dagen, så han der oppe har vel ombestemt seg og synes eg fortjente litt sol likevel! Får vi håpe! :)
På jobben hadde folka hugsa på meg og kjøpt ei kjempegod kake! Eg hadde ordna med frukt, sjokolade og jordbær, men "kaka tok kaka"! Takk til dei! :)

Resten av dagen var kjempekoselig. Vi kjøpte med oss pizza frå Hamna. Det er berre verdens beste pizza!
Så fekk eg bursdagsgåve nr 3 frå den snille mannen min!
Eg har brukt ca 2 år på å lese alle 3 bøkene av Stieg Larsson, og har endeleg kome i mål! Må seie at eg har ikkje lest kontinuerleg! haha! Men eg les når eg ikkje får sove, og eg får som regel sove med ein gong eg vil. Så eg har brukt litt lang tid! Eg har unngått å sjå filmane til eg var ferdig med bøkene, og no kan eg ENDELEG sjå dei!! Gleder meg kjempemasse! Bøkene var iallefall kjempebra, og har høyrt berre godt om filmane også!
Snille mannen! <3

Og så har eg snille Anne!! Sjå kva eg fekk med ho!!!!

DEN nydelege og kule Mango klokka! Perfekt klokke, perfekt farge, og kjempestilig!!
TUSEN TAKK ANNE! <3

Eg har fått så mange fine gåver! Blir heilt brydd!
No har klokka bikka midnatt, og bursdagen er over. Så då byrjar kvardagen igjen.
Men eg kan kose meg med bl.a ny klokke, superfin gullring, filmar, radio, piknik-korger med innhald, vin og peng! Perfekt!  

tirsdag 7. juni 2011

Kjekk søndag!

Søndag fekk The Rotevatns besøk fra mamma'n og pappa'n min, og 3 av mine tantebarn; Daniel, Helene og Henrik. "Barn" er vel feil no, dei har blitt så vaksne!
(Måtte berre viske ut litt bakgrunnen. Off, ditta kjøkkenet skal snart pussast opp!!) 

Fru Rotevatn diska opp med heimelaga bløtkake (igjen) og pirogaer, og heimekjøpte kokosbollar.

Bursdagskaka!  









Litt lik den forrige eg laga, men den er no god da! *stolt over mine vaksnepoeng*




Ja, det vart no litt feiring av bursdagen min denne dagen, og eg fekk vin, peng og to kjempefine piknik-korger med innhald. Oppi der var både pledd, strømper, kjeks, potetgull, vasskanne og kubbelys! I like! Midt i blinken!
I grunnen kjekt med bursdag, utanom talet som kjem til å følgje meg vidare og vekse år for år...
Men i dag nyt eg siste dagen av dette året. I morgong er eg eitt år eldre! :-O hjelp!  

lørdag 4. juni 2011

Bursdagsgave på forskot!

Sida det var sol, sommar og heile 12 grader (!) i skuggen, så fann hr Rotevatn ut at fru Rotevatn skulle få to bursdagsgåver på forskot!
Eg fekk ein kjempekul retro-radio, akkurat som eg ønska meg!
Og sjekk DEN nydelige ringen på langefingeren min!! Litt vanskeleg å sjå detaljane, men det er altså kvitt gull og gull! Akkurat passe storleik også!
Eg berre elskar den ringen!!
Snille mannen min!!! :)

Det vart ein perfekt laurdag i sola!
Og slik var utsikta mi frå sofaen på verandaen i heile dag! Ikkje akkurat bikinivêr, men kunne no ta av strømpene iallefall! :)

torsdag 2. juni 2011

Bursdagsønsker!

Kjære JUNInisse
Nokon ville ha ei ønskeliste, så eg skal prøve å lage ei her. Vanskeleg å kome på ting, for eg har jo det aller meste frå før, og lid ingen nød. Men klart eg har ønsker likevel! :)
Og så er det kjekt å lage til med bilete her på bloggen!

Oppskrifbok cupcakes       Kitchenaid kjøkkenmaskin

Kvite handduka




 Christian Dior, svart. Diorshow           Mini-PC bag

Overrasking!                        Radio fra Europris! Brun eller raud!


Peeeeeeeeeeeeeeng                        Regnkåpe


Rockering 1,2 kg?                          Fjellsko

Klokke                                       Smykkeri

Det vart ein del likevel! Så er det nokre tips iallefall! :)
Hihiiii!  
Kom over ein ting til på tilbod på Jernia:
Stelton vassflaske MY

 

Bursdagskake på jobb!

Fekk eit kakk i hovudet og ordna med heimelaga bursdagskake til ein kollega på jobb tysdag denne veka. Trur eg fekk minst 10 vaksenpoeng for den!?
Kven det var til er vel vanskeleg å halde hemmeleg, med tanke på dekoren på kaka. :) Grattis med dagen til han, 31. mai!
Fin kake eller? Ikkje verst for å ver fru Rotevatn.
(Forresten, 2 kaker på 2 mnd! REKORD! Og fleire skal det bli, for no begynner bursdagsrushet hos Ødegård/Rotevatn-familiane)