Tøysete Eggbert!
Ønsker alle ei vel overstått påskefeiring!
Ønsker alle ei vel overstått påskefeiring!
Det har vore ei kjekk påske for The Rotevatns. Den byrja på onsdagen, og den dagen vart brukt til mange gjeremål inne, handling og ordning. Fekk til og med brenne eit bål! Torsdag var mest for avslapping!
På fredag kom sommaren! :) HURRA! Då var det berre å grave fram shortsen, singlettar, solkrem og solbriller og springe ut og nyte sola. Endelig! Ikkje kvar gong ein har eit temperaturskifte frå 9 grader eine dagen, til 21.5 gradar to dagar etterpå! Det vart skikkeleg sommar! Og vi hoppa over våren!

Så då var det berre å springe ut og gjer alt mogleg hage- og utearbeid. Etter plukking av kvist, og all bøying og bering det fører med, så vart eg heilt utslitt! Heldt på med dette i 4-5timar. Ja, og i tillegg var det raking av lauv, luking av bedd, pussing av årer og vasking av syklar. Det to siste gjorde Rune.
Men når det var middagstid var eg veldig sliten og låg rett ut på verandaen, med beina høgt!
Litt rosa i ansiktet, men jammen deilig å sløve i solnedgangen etter ei slik økt! Bleike leggar, men hallo, det er 1. soldagen da! :)
Laurdag var også veldig fin! Spiste litt sein frukost ute på verandaen. Koste oss i sola og berre nytte det å ha fri!
Rusla ein tur i sentrum, der vi kunne sjå mange andre bleike leggar og sommarklare Voldingar! :) Herleg!!
Vi er ei god tid i møte! Elskar våren, og får berre takle litt pollen og "dett dase!"
Rune skulle spele i kveld også, men rakk litt sol på verandaen ilag med tøysete Eggbert!

Søndag var det twins birthday på Vatne. Skriv meir om det i neste innlegg. Og ikkje minst om "Oreo-kaka sin tur fra fløteboksen og kjekspakka i Volda til kakebordet på Vatne! :)