lørdag 26. februar 2011

Opsann...!

Dette blei ikkje den rolege frilaurdagen eg hadde tenkt. Skrekkens senario på morgonkvisten!

Kunnige folk saga tre rundt huset vårt; dei får god ved, og vi slepp å tenke på tre som er farlege i stormen. (!)
Men dette er eit eksempel på at tre kan vere lunefulle og dette dit dei vil sjølv! Når dei vil!
Eg sat på sengekanten og hadde tenkt å stå opp, men fulgte litt ekstra med ut vindauge, sidan eg synes det var litt skummelt nærme soveromsvindauge. Når det så begynte å bevege seg så ante eg ei viss fare! Det halla ikkje dit det skulle!
Rune låg bekymringslaus i senga og tok livet med ro, for dette skulle no gå soo bra!


Men SÅ datt det RETT MOT MEG!! Eg sat på sengekanten, og det tok meg vel nøyaktig 0,2 sekund å hive meg under dyna medan eg såg treet komme! PANG!!! Ein forferdeleg smell! Eg såg for meg knust vindauge, med glas over alt i senga, hol tvers gjennom taket, og ei vekes gjenoppbygging!
Kikka opp av dyna og såg at taket inne i soverommet var heilt. Vindauge var ikkje knust! (Det skal no skiftast likevel, men hadde ikkje tenkt til det heilt enno)
Men materialbitar stod ut frå taket og huset, det var treet som "vann"! Det var like heilt!

Så vi får vel snikkarar på besøk til veka tenker eg, er nok ein del som må reparerast.




Det gjekk som det gjekk, ingen vart skadd, og huset er det mogleg å fikse!
Sjokkbiletet av treet mot meg vert ikkje sletta med det første, og eg må innrømme at so redd og sjokka som eg var har eg ikkje vore på det eg kan hugse!

Det var rapport frå laurdagen hos The Rotevatns. Heldigvis ikkje ein laurdag av dei vanlege.
Resten av dagen skal gå med til å roe ned pulsen og nervane.

onsdag 23. februar 2011

Fru Rotevatn har blitt student

Ja, du leste rett! Eg har no blitt student i skrivande stund!
Praktisk personalarbeid, ved NKS Nettstudier!
KLAR SOM EIT EGG!
Min kjære mini-pc, ein bunke med utskrifter for
innsendingsoppgåve nr 1,
markeringstusjar så det held, frukt og ein god cappuchino!
Då kan eg ikkje ver klarare?

Berre å setje i gong!! Puh!

tirsdag 22. februar 2011

Rockedoen!

Lenge har eg vel snakka om "rockedoen" vår til venner, og sagt eg skal legge ut bilete her på bloggen.
Doen var ferdig oppussa før jul, der eg har pussa, mala, lagt nytt golv, sydd om gardiner og fått nye rør til do. Men eg hadde ikkje gjort det viktigaste: Å mala Joe Strummer frå gruppa The Clash på veggen.
Slik vart resultatet:
Kva synes du? :) Har eg ei karriere framfor meg som "veggpryd'ar"? Tjihi!

Veggane er todelt med maling i både grått og lys lime, men eg vil berre få opp spegelen først før eg evt legg ut fleire bilete. Men det er no Strummer'en som er krona på verket! :o) Synes no vi da!
Sjølv om han ikkje nødvendigvis høyrer heime på do, så gjer han seg godt på ein "rockedo" likevel!


tirsdag 15. februar 2011

Eit lite vårteikn for fru Rotevatn

Desse skoa kjøpte eg på nettet for ca 1 mnd sidan, akkurat i den tida sola skein på huset vårt for første gong i år! Kan kanskje sei eg fekk eit sug etter våren! Og kanskje eg var i litt hippie-humør også når eg tenkjer meg om! :)
Men eg synes dei var no kjempekule eg, og har store planar om å bruke dei til m.a. dongeribuksene mine som har bootcut og som er nemleg litt hippie-aktig!

Så no kan våren og sommaren berre kome. Eg er godt skodd!
(Om dei er "god" får eg vel rapportere om seinare kanskje...)
Kva er det "mote-bloggarane spør om?
HOT OR NOT?? :) Eg likar dei uansett! :p

mandag 7. februar 2011

Er her fortsatt!

No er det jammen lenge sidan eg har skrive noko her. Det er vel ei blanding av at ikkje noko spesielt har skjedd, og at eg har vore lat! :)

Oppsummering av det nye året hittil:
Jobb, trening, eting, drikking, husarbeid, husplanlegging, besøk, skifting av vindu i gamlehuset, arbeid, trening...
Og so gjeng no dagan! Spennande? Not!
Blir nok mykje meir å måtte ta seg til no når vi nærmar oss våren og moglegheita for å styre med hus og gard vert betre.

Men eg har no endeleg vorte ferdig med "rocke-doen"  i kjellaren da! Men det må eg skrive om når eg har fått ordna bilete! :) Men det var no eit malingsprosjekt det og, med kunsteriske utfordringar!

No har eg starta "prosjekt stovedør!" Ei gammal furudør med 12 vindusruter på! Det vil seie 24 ruter å maskere og male det! Og no har eg att siste strøket på denne. Vi skal skifte ut alle dørene elles, men denne var såpass "fin", og med litt tålmod og velvilje så kan den bli brukbar. Men merkar at tålmoda mi får seg ein test her! 3 strøk X 24 ruter å male! Hmfr...
Men ei dør ferdig = ei dør nærmare målet!