søndag 26. desember 2010

God Jul frå The Rotevatns

No er det andre juledag, og sjølve julefeiringa er for vår del over for i år. Men jula varer ei stund til da, om ikkje heilt til påske!
Vi har hatt ei fredfylt og fin julefeiring hos The Rotevatns familien! Eg og Rune var aleine i huset vårt i Volda og kosa oss stort.

Lillejulaften byrja med at fru Rotevatn var på jobb, og så stakk ho innom gravplassen og måtte bokstaveleg talt grave fram gravstøttene!! Det var så mykje snø! Og så kaldt! Lukke at eg veit godt kvar dei er! Eg hadde laga kransar sjølv, og eg la ned dei og tente lys.

Vel heime igjen vart ein viktig detalj ordna: Den aller beste julepynten i verda!
Ein JULE-KAMEL!!  

Denne kjøpteRune til mamma'n sin når han var liten og fekk velje julegåve heilt på eigen hand!
Den står ALLTID på bordet vårt heretter!!
Dette er første beviset på at Rune er absolutt ingen "jule-mann". Kamel er no like greitt det som eit reinsdyr? ;)

 
Om kvelden åt vi spekemat, drakk julebrus og såg på Hovmesteren og grevinnen på NRK. Vi var skikkeleg tradisjonelle! Fuglane hadde fått mat, Rune hadde henta ved, og husmora sjølv (?) tok siste draget over golva! Så skulle treet pyntast, og det vart no rett så fint!
Når stova endeleg vert oppattpussa, så kan det hende eg kjøper eit som er LITT større enn 1.70m, og det blir jammen godt med lyse veggar også!! 

Julaftan vakna vi tidleg, og åt ein god julefrukost! Pakkane vart lagt under juletreet, og vi såg at det faktisk var ein del pakkar, sjølv om vi berre er to! Eg fekk sjå "Tre nøtter til Askepott" medan Rune slumra på sofaen. Vi såg teiknefilmar og Rune førebudde julemiddagen!
Vi tok oss god tid, og sette pinnekjøtet på panna i 16.30 tida. Så køyrde vi til gravplassen og tente meir lys og sette ein engel på Bjarne si grav.
Det var litt av eit syn å sjå utover plassen, alle "snøholene" som lyste i mørket, og det var snart tomt for folk. Dei stressa heim for å rekke middagen. Så ringte kyrkjeklokkene jula inn. Vi stod ei stund til, stressa ikkje i det heile tatt, vi hadde heile kvelden på oss. Minus 15 grader, måneskin og stjernefylt himmel!

Reiste så heimatt, og inn i varmen igjen. No var det jul. Og middagstid. Nydeleg pinnekjøt til middag, a'la Rune!
Og så koste vi oss med sjampanje og gåver etterpå.
Og det vart ein lang og koseleg kveld hos The Rotevatns!


Tusen takk for alle dei flotte gåvene vi har fått!!

No skal eg lage meg ein kaffe med min nye Dolce Gusto- kaffe maskin som hr. Rotevatn har kjøpt til meg, og så skal vi sjå film og ete ost, kjeks og druer seinare!

GOD JUL!!

torsdag 16. desember 2010

Snart er det skitnesøndag!

Fru Rotevatn kan vel ikkje skryte på seg å vere den perfekte husmor med støv på hjerna og full "orden i sysakene!" Eg har ikkje mykje sysaker, og støvet festar seg på alle andre stader enn på hjerna!
No mot jul merkar eg at det vert lagt eit press på alle husstandar om at vi må vaske ned til jul! Då skal både tak og veggar vaskast, og både utanpå og inni skap! Kvifor det? Kvirfor akkurat no? Det er mørkt kl 15.00, og vert ikkje lyst att før kl 09.00! Støvet visast ikkje likevel! Er det berre fordi ein treng ein frist slik at alle vaskar husa sine grundig ein gong i året?
Og om alt er så reint til jul, vert no alt skittent igjen i løpet av helligdagane. Då spruta det rundt både fett og krem på kjøkkenet, og mykje søfting, støv, papir, nøtteskal og barnåler på stova.
Eg er dog ingen rotekopp, og meiner eg har det høveleg reint i heimen. Trur eg kan ta imot besøk til ei kvar tid... Ja, iallefall med ein times forvarsel!
Men til jul skal ein liksom vaske så fælt! På Facebook skryt så mange av kor mykje dei pussa opp, kor mykje dei har vaska, kor mange kaker dei har baka, kor mange som kjem på besøk, og kor mykje dei skal trene for å komme julematen i forkjøpet! Og alt dette skal dei gjere før jul! Blir stressa ta sånt eg!!

Så fekk eg høyre av mi mor, at det er noko som heiter "skitnesøndag". Det er DÅ ein liksom skal vaske ned til jul. Og den er på den siste søndagen før julaften. Merkar at eg roa meg litt då, for då treng eg berre å vaske 1 dag, samt at det var så lenge til denne dagen då ho sa det. Så inntil då kunne eg no berre kose meg med adventstakar og lys, og ete sjokolade og opne julekalender!

Men no er det altså skitnesøndag om 3 dagar! 3!! Det er vel berre å innsjå det. Jula kjem i år også!
"-som julekvelden på kjerringa"
Det er altså på tide å ta ned kasse nr 2 frå loftet. Der ligg dukar, nissar, englar og skåler som skal fram for å gjere huset enno meir julete. Og så må eg vaske.

Tør eg å vente til måndag? Då kan no berre søndagen få vere skitten!? :)